Gruppeleder: Johan Roppen, HVO
Økonomiske perspektiv har dei siste åra vorte stadig viktigare for alle deler av verksemda for alle typer media. Nye aktørar kjem inn på mediemarknaden ut frå eksplisitte økonomiske motiv og utfordrar dei etablerte aktørane si rolleforståing. Endringane reiser spørsmål som: Korleis blir mediedebatten påverka av utviklinga, korleis responderer medieinstitusjonane, korleis blir produksjonsvilkåra for redaksjonelt og kreativt arbeid endra, kva konsekvensar får dette for synet på publikum og korleis blir handlingsromet for mediepolitikk og -regulering. Endringane utfordrar også medieforskinga som no blir avkrevd større innsikt i økonomiske perspektiv.